Avfallscontainere til utleige

Me har avfallscontainere av forskjellig størrelse for utleige til private og næringskundar i Midtre- og Indre Sogn. Sogn Transportsentral disponerar liftcontainerbil og krokbil. Einar tek seg av utsetjing, tømming og innhenting av containerane. Me leverar alt avfall til godkjend avfallsmottak.

Kort leveringstid.

Kontakt oss: sogn.ts@online.no eller mobil 920 81162.


Dette avfallet skal IKKJE i containeren:
  • Asbest, eternittplater etc. Dette er spesialavfall som skal leverast særskilt til mottak.
  • Måling, tynner og div. avfeittingsmiddel.
  • Alle typar olje.
  • Lysstoffrøyr.
  • Kjøleskåp, fjernsyn, panelovnar etc.( Små mengder kan, etter nærare avtale, leggjast på toppen av containeren )
  • Alle typar batteri.
  • Matavfall. ( våtorganisk )
  • Alle typar varer, vesker som er merka giftig etc.
  • Alle typar bildekk. ( Små mengder kan, etter nærare avtale, leggjast på toppen av containeren )
  • Glassflasker, syltetøyglass etc. skal leverast i utplasserte igloar i kommunane, eller på miljøstasjonar.
  • Vindusglass (heile) Ikkje PCB. ( Små mengder kan, etter nærare avtale, leggjast på toppen av containeren. Er det meir, skal det nyttast eigen container.
  • Glassruter (isolerglass) eldre enn 1975, norskproduserte, inneheld PCB. Dette er spesialavfall som skal leverast særskilt til mottak.
  • Glassruter (importerte isolerglass) eldre enn 1990.
  • Alle typar betong i sekker.
  • Alle typar reine massar som stein, jord, betong, glassrutet etc. skal det nyttast eigen container, og ikkje blandast med brennbart.

Er det grov feilsortering, kjem det ei ekstra sorteringsavgift på kr. 500,00 pr. m³. Ved avvik som kan føra til fare for liv og helse, samt forureining av det ytre miljø, vil leigetakar av containeren bli halden økonomisk ansvarleg dersom det skjer uhell.

Har du spørsmål, kontakt Sogn Transportsentral, mob. 92081162.

Sogn
Transportsentral SA

6854 Kaupanger

Telefon: 57 67 81 07
Fax: 57 67 85 07
Mobil: 920 81 162
sogn.ts@online.no

Trykk her for kart